top of page

OM OSS

På 80-talet vart “Menigheten kristne på Sotra” etablert. Visjonen om at Gud vil ha menighet og at Jesus-livet blir levd ut i kvardagen, var viktige element i oppstarten av dette menighetsfellesskapet. Eit liv i glede og fridom gav inspirasjon til å leva for Jesus. Samstundes var det andre fastbuande i øykommunane Fjell og Øygarden som reiste til byen og var med i Kristent Fellesskap Bergen. Etter nokre år med tilsynssamarbeid og regelmessige besøk begge vegar, blei det til at Kristent Fellesskap Sotra Øygarden blei starta som ei samanslåing mellom Menigheten Kristne på Sotra og dei fleste KF-medlemane som budde i dei tre kommunane i vest. Denne samanslåinga skjedde i 2002. 

 

Forsamlinga har idag folk i alle aldersgrupper. Gudstenestene er prega av at generasjonane er saman for å tilbe Gud, for å høyra og dela Guds ord og for å dela fellesskap med kvarandre til styrke og omsorg.Vi har grupper som møtes i heimane i vekene rundt om i kommunen. Ungdomsarbeidet (Velvet) og konfirmantarbeidet er felles med Kristent Fellesskap Bergen.

Vi trur på heile Bibelen som Guds ord og held fast på den apostoliske openberring av alle skriftene, slik den er gitt oss i Det nye testamentet.

 

Vi er opptekne av å byggja og dyrka fellesskapet med kvarandre slik at vi kan nå ut med evangeliet om Jesus og la oss forma etter den sanning som gjev tru, liv og gudsfrykt.

 

Misjon er viktig for KF Sotra Øygarden. Vi arbeider saman med andre forsamlingar i Norge og står i nær relasjon til tenestegaver som Gud har reist opp for vår tid. Vi støttar deler av arbeidet som Kristent Nettverk driv på Filippinene, i India og i Norge. I tillegg har vi eit stort hjarta for Bolivia og ein nær relasjon til mange forsamlingar og arbeidarar der. Både ved besøk og pengestøtte får vi vera med på å spreia evangeliet om Guds rike til tusenvis av menneske kvart år.

 

Hovudleiarskapet i Kristent Fellesskap Sotra Øygarden har eldste og diakonar som utfyller kvarandre og arbeider godt ilag. Dei eldste er Jan Arefjord, Svein Olav Armond og Norleif Askeland. Reidar Vindenes og Bente Askeland er diakonar med administrasjon og tilrettelegging som hovudarbeidsområde. Rekneskapsførar er Turid Fjelltveit. 

Barnearbeidet (søndagsskulen) er leia av Bente og Frode Sævikstrand.

 

Det apostoliske tilsynet med Kristent Fellesskap Sotra Øygarden ligg hjå Noralv Askeland og Terje Dahle. Desse to og fleire andre tenestegaver i Kristent Nettverk er viktige gaver til oss som forsamling. Vi set veldig stor pris på å få stå i ein nær og god relasjon til andre menneske som Gud har utrusta med ulike gaver for den tida vi lever i.

bottom of page