Misjon
Misjon er eit kall til alle kristne forsamlingar. For Kristent Fellesskap Sotra Øygarden er det naturleg å vera involvert i misjonsarbeidet som vert drive gjennom Kristent Nettverk sitt arbeid i Norge, i fleire land i Asia og i Bolivia.
Stiftinga Ministries Without Borders Philippines Inc, driv eit stort og vidt arbeid på Filippinene. Gjennom dette arbeidet er det tusenvis av menneske kvart år som får møta Guds kjærleik på ein praktisk måte. Dei får høyra evangeliet og ta imot Jesus som Herre og Frelsar. Noralv og Tone Askeland leiar dette store arbeidet.
India har også i mange år vore eit land der vi har nære relasjonar til fleire arbeidarar og ikkje minst til lokale tenester frå Norge som reiser og har tilsyn med arbeidet. Solveig og Erling Thu har i fleire tiår representert oss i arbeidet i India, Nepal og på Sri Lanka.
Bolivia i Sør-Amerika har sidan 2007 lagt på hjarta til KF Sotra Øygarden. Vi har stått i eit nært samarbeid med misjonærane David og Violeta Larsson, først og fremst ved å reisa til Bolivia og hjelpa til i arbeidet på ein meir direkte måte.
Kristent Fellesskap Sotra Øygarden, har også både praktisk og økonomisk kjent eit ansvar for to viktige verktøy i arbeidet i Norge; Bergen Bibelskole som trenar og utrustar menneske til teneste for Gud og Gullbotn Konferansesenter som eit senter for leiarutvikling, misjon, bønn og mange andre forsamlingsbyggjande faktorar.